Tips og triks

Oktoberkonkurranse

Konkurransen blei administrert av Audun Hølleland. Fem av styret i BioFoto Sunnmøre og Nordfjord har utgjort juryen. Det var 13 innsende bilde, og juryen kåra følgjande bilde til dei tre første plassane:

  1. Nøtteskrike – Skarp og fin nøtteskrike og fargane gir ein god harmoni. Trestammane rammar fint inn hovudmotivet, og fargane i bakgrunnen harmonerer også med resten av bildet. Utsnittet er noko knapt, og litt meir rom kunne kanskje vere ein fordel. Foto Jan Rabben.
  • Blad – Enkel komposisjon med god balanse. God djupneskarpheit på bladet, som er hovudmotivet. Bakgrunnen har fin bokeh, sjølv om den er skarp nok til å kunne konkurrere noko om merksemda. Bakgrunnen har fine fargar som harmonerer med fargane i bladet. Bildet gjev samla sett ei harmonisk oppleving i komposisjon og fargar. Foto Åse Solvi.
  • Skarv  – Roleg og reint skarveportrett. Litt mykje isostøy i bakgrunnen, men samtidig utgjer denne eit nesten akvarellaktig uttrykk som bidreg til stemninga i bildet. Bakgrunnen kan eventuelt også vere noko negativt påverka av jpg-komprimering. Bildet kunne tene på ein litt betre balanse der det var mindre med under skarven i høve til romet over. Foto Atle Helland.

Me gratulerer dei tre vinnarane!

Tidligere artikler

2 kommentarer

  1. Magne Grimen says:

    Fantastiske bilder!

  2. Åse says:

    Så utrolig moro å få andre plass! Det hadde jeg ikke forventet der jeg lå å krøp på alle fire i regn og sol 😁.
    Gratulerer så masse til de to andre vinnerne med fabelaktige bilder 👍🎉

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *